Som flittig brukar av kommandolinja, har eg etter kvart blitt særs vant med å køyra programmer der, kontra å nytta grafiske verktøy. På jobb idag hadde med derimot ikkje noko val; ei jenta kom til oss med maskinen sin kor Task Manager hadde klikka. Korleis drep ein då Task Manager? Det hjelpte fint lite å trykka ctrl+alt+del for å starta Task Manager, når det nettopp var det programmet med ynskja å drepe.
Først prøvde eg å køyra kommandoane eg er vant med på maskina eg nyttar på jobb. killall nytta ikkje, men ps, grep og kill fungerte. Derimot var dei ikkje på maskina til studenten. Attende til start.
Etter å ha leita litt på verdensveven, fann med ut at programmet taskkill kunne gjera jobben. Det er kill og killall i eit og same program. Etter å ha køyrd taskkill /im taskmgr , forsvann programmet som dogg for sola.
No har eg skrive det ned slik at eg kan finne det fram til neste gong, men kvifor Task Manager klikka blei me ikkje klokare på.
Vote:

Mon tro kvifor skjermskota blei så stygge? Dei blei jo ikkje det då eg skreiv om Chrome Frame.