Farsdag

November 8th, 2009

Idag feira me min første farsdag. Camilla hadde kjøpt ein fin presang til meg, men den har diverre ikkje komen fram endå. Eg skal leggja ut bilete når den kjem. Eg får trøsta meg med det flotte kortet eg fekk. Me hadde det koseleg med kaffe og ein særs god gulrotkake. :)

Ellers denne veka hadde me, som eg nemnte tidligare, vitjing av farmor og farfar på torsdag. Det syntes både dei og Maria var veldig kjekt. Nå er det berre 7 veker til neste gong. Tida går fort her i huset.

Til veka skal Maria på 6vekerskontroll, med måling av både vekt og lengde. Det blir spennande. Me ser jo at ho veks, men det er morosamt å få det talfesta.

Vote:

Leave a Reply