Snart ein månad

October 25th, 2009

På onsdag blir Maria ein månad gammal. Rart å tenkja på at ho har vore hos oss så lengje. Etter kvart som dagane går vart ho meir våken, veks i vei, og ikkje minst spis meir. No drikk ho i underkant av ein desiliter til kvart måltid. Når me drog heim frå barsel drakk ho berre 10ml. Det blir spennande å sjå kor mykje ho har lagt på seg i det siste. Sikkert 3 kilo snart :)

Camilla har byrja å blogga samt vore på trilletreff i den lokale kyrkja, mens eg har vore på skolen og programmert cell samt retta oppgåver.

Som dykk kan sjå av bileta har me fått montert den flotte elefant-uroa me fekk på babykurven me fekk låna av grandtante Astrid. Maria likar seg i den, gitt at ho er i humør til å sova. ;)

Vote:

3 Responses to “Snart ein månad”

  1. Mamma says:

    Søte skatten vår <3<3

  2. Faster says:

    Elefanteffekter til barnet. hvem hadde noen gang trodd hun skulle få det ;)
    veldig bra bilder altså. Som den virtuelle faster jeg er setter jeg selvsagt stor pris på dette!

  3. Mamma says:

    Hun fikk jo ikke så flott elefant tapet for ingenting ;P Det søte badehåndklet er fra Kristoffer var baby, kjempesøtt :)

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply