Hils på Maria Synnøve Bonarjee

October 1st, 2009

Etter å kjempa seg gjennom rier siden laurdag kveld(!), fekk endeleg Camilla riene ofte nok til at fødselen var igang. Klokka tolv natt til idag var me på plass på fødestue 1 på Ullevåll sjukehus.

~8 timar seinare, 07:55, var Maria Synnøve Bonarjee saman med oss, 16 dagar før termin. Med ein vekt på berre 2042gram fordelt på 45cm er ho såpass lita at barnepleiarane ville ha ho på vanleg barselplass med betre oppfølging enn det ein får på det hippe pasienthotellet. Derfor sitt eg her, mutters åleine, mens mor og barn deler eit dobbeltrom med framande. Ikkje akkurat det me hadde i planane, men då får eg i det minste lagd ut ferske bilete til spente familiemedlemmar og vener.

Så her har dykk eit knippe bilete frå dei første 12 timane til vår lille prinsesse. Det blir garantert masse meir etter kvart.

Oppdatert 01/10: Nå har eg lagt ut nokre bilete frå dag 2 òg (frå «inntulling». Eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg at eg har blitt pappa endå, men det gjer nok det når dei to kjem heim. No er eg berre pappa i vitjingstida og søv mutters aleine (og uavbroten). Takk for alle gratulasjonar.

Oppdatert 12/10: Farfar har lagt ut nokre få bilete.

Vote:

9 Responses to “Hils på Maria Synnøve Bonarjee”

  1. Fær vel gratulera for tredje gong ;-) Elder vert det fjerde.

    1. SMS
    2. OMB (kvitre.no)
    3. IRC
    4. Blogg :]

  2. Skjalg says:

    GRATULERER til dykk! Kjekkt å sjå at alt gjekk godt (de vil nå helst det då). Dette vekkjer minne om fyrste gongen for meg, då Odin vart fødd i Manila. Eg var med på fødsel, men fekk ikkje koma inn til Unni og Odin det fyrste døgeret, men etterpå fekk me eige rom i tri dagar…Gled dykk båe to, det vert eit mykje annleis liv nå frametter!

  3. Faster says:

    er det så travelt med mor og barn i hus at du ikke får tid til å laste opp nye bilder?

  4. Egil says:

    Stemmer det. Her skjer alt i økter på 2.5 timer mellom etinga til Maria. Det blir ikkje så mykje tid til å sitja framfor skjermen. Me har derimot tatt bilete, så eg skal se om eg får lagt ut nokre nye ikveld. Blant anna turen heim og første tur i badekaret :)

  5. Egil says:

    Visste du forresten at den rosa sparkebuksa hun har på seg, har du arva frå deg faster? :)

  6. [...] mens Camilla matar Maria. Då har eg litt tid til overs å bruka på andres ønskjer, slike som faster sitt ønskje om fleire bilete. Nå er det nemlig Maria som styrer heimen her, og eit døgn for oss betyr 8 matingar av Maria kvar [...]

  7. [...] går var det ei veke siden Maria og Camilla kom heim frå barsel. Siden det har bare dagane strømma på, og tida har flydd av stad. [...]

  8. Faster says:

    mamma fortalte meg om sparkebuksen –
    jeg er fornøyd!

  9. Kramer auto Pingback[...] Ping: Hils på Maria Synnøve Bonarjee [...]

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply

Spam protection by WP Captcha-Free