Heim frå barsel

October 7th, 2009

På laurdag ettermiddag var tida komen for å dra heim frå barsel. Natt til laurdag var med andre ord min siste natt med full søvn på ukjent tid. Eg henta bilen, tok med barnesetet, og etter ein kort kjøretur var Maria på plass i heimen sin. Ein lita kjøretur for Maria; ein stor forandring i kvardagen vår. (Eller rettare sagt min. Camilla hadde jo allereie litt erfaring frå barsel.)

Farmor og farfar var på vitjing denne helga, så det passa jo ekstra bra at dei fekk vitja oss heime, ikkje berre i den keisame sofagruppa som er tilbodet på Ullevål. Ellers har tida stort sett sprunge frå oss, men me har fått tid til å ta nokre bilete lell.

No sitt eg her og skriv litt mens Camilla matar Maria. Då har eg litt tid til overs å bruka på andres ønskjer, slike som faster sitt ønskje om fleire bilete. Nå er det nemlig Maria som styrer heimen her, og eit døgn for oss betyr 8 matingar av Maria kvar ~3. time. Med byssing, bleieskift, bading, trilleturar samt våre eigne behov som søvn, mat, etc eit hendig sted imellom.

Det er ein ny kvardag å venda seg til, men me tek utfordringane med strake armar når dei kjem. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle vakna så raskt om nettene når plikten kallar, men det blir både mating og bleieskift i dei seine nattetimane1.

Eg er spent på korleis det går når skulekvardagen kjem tilbake når min 14 dagar lange omsorgspermisjon tar slutt. Ein ting er sikkert; eg nyttar ikkje meir av ho på dette innlegget. Nå vil eg kosa meg med den lille familien min :)

Oppdatert: Som farmor og farfar skreiv i ein innspel nedanfor, stod fødselsannonsen på trykk i Stavanger Aftenblad idag. Eg har i tillegg lagt ut nokon nye bilete av Maria mens ho søv i senga si.

Vote:
  1. Ein natt trudde eg til døme at Maria sov oppå meg mens ho faktisk låg i senga si. Det tok nokre sekund før eg slutta å leita under dyna då eg høyrde skrika hennar. []

6 Responses to “Heim frå barsel”

  1. Faster says:

    Så nydelig hun er!
    Faster er fornøyd med bildene forresten ;)
    Hils resten av familien!

    Håper limcaen smakte ;)

  2. Faster says:

    og fint å se at shaun også får være med på familiebildene!

  3. Farmor og farfar says:

    Verdens nydeligste barnebarn vil vi si. Vi ser frem til nye bilder hver dag. Bruk den nye linsen flittig. Fødselsannonsen var på plass i Aftenbladet i dag.

  4. Gammeltante says:

    Så nydeleg lita tulle! Me gler oss stort te å ta ein Oslo- tur, men Veslebror må verte heilt frisk att fysst. Helsing gammelmoster!

  5. [...] Kristoffer Egil Bonarjee « Heim frå barsel [...]

  6. [...] og ikkje minst spis meir. No drikk ho i underkant av ein desiliter til kvart måltid. Når me drog heim frå barsel drakk ho berre 10ml. Det blir spennande å sjå kor mykje ho har lagt på seg i det siste. Sikkert [...]

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply

Spam protection by WP Captcha-Free