I går var det ei veke siden Maria og Camilla kom heim frå barsel. Siden det har bare dagane strømma på, og tida har flydd av stad. Mating, stelling og kos i ei lang, om ikkje uendeleg, løkke.
I morgon er det diverre attende til skulebenken for min del, mens mamma blir att heime og tar seg av Maria. Til sumaren er det min tur, og eg gler meg allereie.
Eg ser ikkje fram til dei brutale morgonane som ligg framfor meg. Det er godt eg har ein ordentleg Moccamaster å trøsta meg med. Plutseleg forstår eg kvifor farmor og farfar drikk så mykje kaffi. Det starta sikkert då dei var småbarnsforeldre
I tida mellom forrige innlegg har det òg blitt tid til ein masse fotografering, så her har dykk nokre bilete å kosa dykk med. Ikkje heilt den store variasjonen endå, men den kjem nok i takt med at Maria veks. No har ho starta med å vera litt meir våken på dagtid, så det er ikkje fullt så mykje soving denne gongen.






































[...] Fyrste veka heime: http://bonarjee.in/2009/10/fyrste-veka-heime/ [...]
så søt hun er! har hun lagt på seg litt?
synes hun likner litt på deg kristoffer da du var liten
trodde ikke du skulle tilbake på skolen så fort, trodde du skulle ha to uker, er det ikke slik det er?
Takk for flotte bilder
@Faster joda, permisjonen er 2 veker. Av di jordmor anbefalte oss å vera heime frå måndagen så tok eg fri frå jobb etc då, så eg må attende denne veka.
Maria har lagt på seg, hvor mye får me vite på onsdag. Då skal me på helsestasjonen og veie na
Eg ser at fingrene har blitt litt tykkere, ansiktet litt rundere så jeg tipper at hun har gått opp te 2100grm. Spennede å se.
dere får holde en spent faster oppdatert.
gleder meg til å møte det lille nurket i januar!
Hei!
Så mange fine bilder av vesle Maria:) Du er en flink fotograf Kristoffer. Synes jeg kan se hun har vokst siden jeg besøkte dere på sykehuset. Vi gleder oss til å besøke dere denne uka. Snart kommer det vel bilder av en stolt mormor på trilletur også tenker jeg.
I dag var Maria og jeg på helsestasjonen og de sa at Maria veier nå 2450gram ( litt usikker på de to siste siffrene).