Då eg skulle kopiera bileta mine over til datamaskinen idag, blei eg møtt av eit minnekort utan eit einaste bilete. Etter kvart som feilmeldingane om io-feil dukka opp, var det klart at filsystemet på minnekortet var øydelagt. Fat32, de facto standarden for allslags duppeditter som kameraer, mobiltelefoner osb idag, er nemlig særs lite robust. Det er ikkje særleg rart når det stammer fra 70talet. Eg skulle gjerne sett at me nytta ein meir open og robust standard idag, men det er nå fat32 kameraet mitt skriv, så eg får ikkje gjort noko med det. No vil eg berre ha bileta mine attende.
Kjem du i same situasjon som meg, vil eit googlesøk gjeva masse svar. Det fins ekstremt mykje programvare for å gjenoppretta eit øydelagt filsystem, og dei som kjem på førstesida frå Google vil gjerne ha eit sugerøyr ned i lommeboka di samt fylle opp maskina med reklame. Eg trur det ikkje før eg får sjå det.
Eg prøvd ut nokre av desse styggdommane på den stakkars maskina på jobb. Programmet til 70$ hadde ein demo som til slutt gav meg ein obskur liste over filnamn, utan info om kva type dei var eller nokon ting. Ikkje fekk eg sjå om dei faktisk innehald bileta mine heller. Då nyttar eg heller meir av tida mi enn kjøpa det. Eg veit av erfaring at shareware kan gjera stor skade på ein maskin. Eg har tent pengar på å fiksa Windows-installasjonar sjølv. Å fiksa opp Windows-installasjonar er jo ei eiga næring.
Etter meir leiting kom eg over det framifrå programmet PhotoRec, frå friprogprosjektet TestDisk. Det er fritt, gratis, fullstendig fritt for reklame, og er tilgjengeleg for båe Linux, Windows, Apple og meir obskure ting som OS/2.1
I motsetning til dei andre programma eg prøvde, har ikkje dette eit flott og glitrande utsjånad, men eit nøkternt terminalvindauge. Ein må svara på nokon spørsmål i starten som blant anna type partisjonstabell, men eg valte standardvala, og det gjekk fint.
Programmet redda alle bileta mine tilbake. Ikkje berre dei eg mista no, men bilete eg hadde sletta, som ikkje hadde blitt skrevet over endå.
Ein kan dermed nytta programmet til å finna filar ein sletta med eit uhell òg. Det einaste eg har tapt, er filnamna. For min del er det likegyldig om dei heitar DSC00X eller f000844X.
Vote:- I Debian, Ubuntu osb heitar pakka testdisk. [↩]

