For nokre veker siden, var eg i Stavanger for farmor si gravferd. Diverre kunne ikkje Camilla vera med. Eg reiste ned nokre dagar før sjølve gravferda, og hadde derfor tid til å gjera andre ting når eg først var der. Ein ting eg har ønskje å gjera siden eg fekk meg speilreflekskamera, var å leite gjennom det gamle utstyret til pappa. Litt av gleda med speilrefleks er jo å kunne bytte ut objektiva, men då må ein nesten ha fleire å velja mellom.
I den eine boden vår, i ei krok bak ein kasse full av videofilmar, fann eg kassa med det gamle fotoutstyret hans. Der fant eg blant anna ein bag med eit gamalt Nikon-kamera og nokre objektiver. I dag har pappa eit fancy Nikon D90, likt som Odin, og er ikkje trengd med å nytta noko av det gamle, manuelle utstyret sitt. Det var flott for meg, for eg fant blant anna eit gammalt 50mm f/1.8D, i tillegg til eit stort og eit lite zoom-objektiv. Som fast leser av Odin si blogg, veit eg at det er eit objektiv eg burde sjå nærare på.
Eg spurde derfor pappa om eg kunne låna det. Han har lyst på ein større telelinse, så eg kunne faktisk berre få det. Eg henta kameraet mitt, skrudde objektivet på, og siden har det blitt ein heil del bilete. Somme bra, somme skarpe, mange uskarpe og ein heil del undereksponerte. Ettersom det er heilt manuelt, kan eg ikkje lenger rekna med automatikken i kameraet, men må stilla inn alt sjølv. Med andre ord ein perfekt grunn til å læra seg å ta bilete manuelt. Ikkje berre fokus, men blender, lukkertid osb. Ein ulempe er at den innebygde blitzen ikkje vil virka. Eg før ynskja meg ein ny til jol.
Skulle eg kjøpt objektivet idag, måtte eg uansett klart meg uten autofokus av di D60 ikkje har innebygd fokusmotor. For å få autofokus måtte eg ha kjøpt f/1.4 til ein pris på ca 3000kr. Å finna den rette eksponeringa blir eg jo betre på med trening, og eg kan jo spamma minnekortet med så mange prøvebilete eg vil. Mykje enklare enn det var for pappa då han nytta det.
Her er nokre av biletene eg har tatt til nå:
- Sjølvportrett
- Pappa med 50mm/18-55kit
- Blomar
- Dag Mathias i vognen
- Dag Mathias hos mor
- Dyrelivet i hagen til mormor og bestefar
- Katten til Odin
- Marihøna som står i hagen heime
- Mugg
- Oscar
- Regn
- Erdinger













Ja. Det 1.4-objektivet hev eg lyst på sjølv, av di det hev betre byggekvalitet enn 1.8-objektivet eg hev. Dessutan vil eg tru det er litt skarpare på 2.0 enn det eg hev no. Er jo ikkje heilt bra å taka bilete på full blendaropning, dei vert aldri skikkeleg skarpe då, men vil jo hava fin bokeh!
Dette objektivet var jo ein særs solid sak. Ikkje noko plastsak det der nei
Kva slags objektiver er det du har? Ein har vel alltid lyst på eit nytt