Eit halvt år med nynorsk

August 26th, 2009

No er det snart eit halvt år siden eg spurte lesarane mine om eg burde skriva bokmål eller nynorsk. Resultatet den gangen var at nynorsk vann, men eg hadde tenkt å fortsetja med det uansett.

Med hjelpemidlar som den framifrå Ordbanken både i terminalen og nettlesaren, har det blitt endå enklare. For kvart innlegg eg skriv, blir eg betre og betre. Eg vil derfor fortsetja med å skriva nynorsk. Nå som eg skal bli pappa, må eg dessuten ta ansvar for mine barns skulegang. Då må eg jo kunne hjelpa dei i nynorsk såvel som dei andre faga.

For dei som likar bokmål, fins det derimot eit alternativ; nemleg Kevin Brubeck Unhammers flotte arbeid med maskinomsetjaren Apertium. Eg har derfor lagt til ein bokmålslenke i menyen til høgre. Samtidig vil eg oppfordra folk som skriv bokmål til å gjera det same. Apertium kan omsetja begge veier.

Sjølv om eg ikkje har særleg lang erfaring, har eg starta så smått med å omsetja det hendige vevstatistikkprogrammet Piwik til nynorsk. Dei som vil hjelpa meg med å testa omsetjinga kan lasta ned språkfila om dei har Piwik sjølv, eller senda meg eit ebrev om dei vil få ein konto hjå oss.

Vote:

9 Responses to “Eit halvt år med nynorsk”

  1. Hihih «nå som jeg skal pappes» – det var jo forsåvidt ei korrekt omsetjing av å «bli pappa» (pappe v1 kle el. dekkje med papp), men eg trur eg må leggje til eit unntak her…

    Takk for PR, og testmateriale ;) Eg trur ikkje det blir så frykteleg lengje til neste utgåve av apertium-nn-nb :-)

  2. Egil says:

    Haha, eg var ikkje klar over det verbet. Ein lærer så lenge ein lever gitt. :)
    Pr blir det nok ikkje så mykje av, men testmateriale skal me nok klara å produsera. Er jo inga betre måte å luka ut feil på enn å testa på ekte data.

  3. I tilfelle du ikkje var klar over det, vil eg tipsa om at det berre heiter «har» på nynorsk, ikkje «hev». «Hev» hører berre til høgnorsk (og firkantfolket i Donald).

  4. Egil says:

    Takk, det visste eg ikkje. Har ordna det nå :)
    SQL REPLACE er kjekk :)

  5. Heffalomp says:

    -og du kan ikkje skrive “båe” når du meiner både.

  6. Heffalomp says:

    -eller “lev” for lever. Å leve – lever – levde – har levd.

  7. Egil says:

    Begge to fiksa. Takk.

  8. Stig says:

    Husker en gang i tiden på Hetland at vi sa noe sånnt som “New Norwegian? What the fuck!?!” og engelsklærer Elisabeth svarte “Yeah, I totally agree”. Syns det er litt dårlig at du har svikta den holdningen :P

  9. Egil says:

    Ah, eg har mange gode minner frå dei engelsktimane ja. Men det klart beste var jo raudhette duoen vår i tysken :D

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply