Mozilla Weave er eit veldig kjekt innstikk til Firefox 3.5 som lar deg ta me deg innstillingane dine frå ein maskin til ein anna. Dermed har du historia di, fanane dine, passorda dine osb kvar enn du går.
Ei anna ting Weave gjer deg, er ein integrert OpenID-konto. For dei av oss som har ein frå før, og heller vil nytta den, må me slå den av. Dette kan ein diverre ikkje gjera gjennom innstillingane til Weave. Ein kjapp titt i about:config viste derimot at den fins ein variabel der me kan endra på. extensions.weave.openId.enabled. Sett du den til false, kan du fortsetja å nytta din vanlege OpenID. For å vera heilt ærleg synes eg det var dårleg av Weave å slå på sin eigen OpenID utan å spørja fyrst.