Nynorsk eller Bokmål?

March 11th, 2009

Til
nå har eg berre skreve nynorsk her på sida mi. Eg har aldri vore særleg
flink i nynorsk, men no, etter eg har lest nynorsk ein stund på Odin
si heimeside og Firefox stør nynorsk ordliste, har det vore mye enklare
å skriva nynorsk enn det nokon gong var mens eg lærte det på skulen.
Difor bestemte eg meg for å prøve å skriva litt nynorsk sjøl. Det er
litt meir arbeid enn å skriva bokmål, og eg spør ofte dokpro.uio.no om hjelp, men det gjeng etter kvart.

Eg har ingen konkrete planar om å bytta om til bokmål, men det hadde vore spennande å vita om nokon bryr seg.

Resultat:

  • Nynorsk (60.0%, 9 stemmer)
  • Bokmål (40.0%, 6 stemmer)

Eg fortsett med andre ord med å skriva Nynorsk :)

4 Responses to “Nynorsk eller Bokmål?”

  1. Haha, rart at det er 4 for/0 mot, iom. at det er berre 10% nynorskbrukarar i Noreg.

    Forresten so hev du utruleg få feil, ser berre «mye» og «sjøl». Det er heilt utruleg sett upp mot mine fyrste forsøk: http://velmont.net/arkiv/

    Og dessutan veit eg at det der berre er for å visa at du hev fengje eit stemmegjevingsinnstikk!

  2. Eg likar ikkje at OpenID-innstikket ikkje hentar ut mitt fyretrekte namn. :-/

  3. Egil says:

    No hev eg tillat registrering, så du kan mekka ordentlig brukar og stilla inn korleis du vil. Korleis bør eg evt stilla om OpenID-pluginen?

    Endra: Eg tok meg fridomen til å fiksa for deg.

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply

Spam protection by WP Captcha-Free