Ein skal tidleg krøkast…

December 22nd, 2008

Her om dagen var Camilla og eg innom Tilbords, som ligg vegg i vegg med ein leikebutikk. Eller, det er faktisk ikkje noko vegg mellom, så eg fekk auge på ein leke litt utanom det vanlege. Eg har mange gode minner med togsett frå Brio ifrå barndommen, der eg bygde byar med lange bruer kor togene kunne køyre. Eg har derimot aldri i min vidaste fantasi trudd at togsettene ein gong ville bli brukt til å leika i andre verdener som til dømest datanettverk. Brio har derimot klart det i det fantastiske produktet «Email Central Set», som er laga fyrr barn som er minimum 3 år. Ein ting er at Odin seier at å drifta epost-tenarar er stress, men å starta når ein er 3 er vel å dra barnestimuleringa litt vel langt.

4 Responses to “Ein skal tidleg krøkast…”

  1. Hahahaha! Dette var jo berre evig bra :D

  2. Eg ser at du ikkje kaupte det :(

    Kva skal du no leika med?

  3. Egil says:

    Hehe. Eg kjøpte det diverre ikkje nei. Burde kanskje gjort det berre for gøy, men så billig var det ikkje. Eg kan derimot innrømma at eg har et Thomastoget startsett liggjande :p

  4. Egil says:

    Var på IKEA igår. Det viser seg at de óg sel slike togbanar nå, men diverre ikkje like stilege :p

    http://www.ikea.com/no/no/catalog/categories/series/11673/

RSS feed for comments on this post. And trackBack URL.

Leave a Reply

Spam protection by WP Captcha-Free