Denne veka blei Maria ein månad gammal. Då Camilla var å veide ho på 4vekersdagen hennar, veide ho 2.8 kilo. Det blir spennande å sjå kor mykje over 3 kilo ho har blitt til onsdagen som kjem.
På onsdag hadde me vitjing av grandtante Wenche og -onkel Svein. Dei virka svært stolte, og det kan jo komma til sin rett når med treng barnepass. Dei bur jo like i nærleiken.
I helga var det Halloween, og me drog på vitjing til grandtante Astrid, -onkel Joar og mine syskenbarn Andreas og Dag Mathias. Som eg skreiv for to veker sida, visste eg ikkje om noko ord som kunne beskrive forholdet mellom Maria og Dag Mathias. Me fann ut at om det ikkje finnes noko ord får me laga eit, så det blei «syskenbarnebarn» . Kanskje eg burde leggja det til på Wiktionary?
Ein skulle tru at å dra på vitjing var ganske likegyldig for Maria, men då ho vart invitert oppi lekegrinda til Dag Mathias, var det stas. Ho fikk prøva leikane hans, men eg trur ikkje ho var heilt klar for det endå.
I det siste har Maria byrja å sova litt lengre om natta, gjerne 4 (og ein gang 5) timar framfor dei 3 timane det plar gå mellom måltida. Me prøvar derfor å venda ho betre til skilnaden mellom natt og dag med pysj og nattstell, så nå får me sjå korleis det går. Ho søv fortsatt, så eg skriv med begge henda.
På torsdag kjem farmor og farfar hit til byen for Olav Hodne si gravferd, og kjem hit på frukost. Det sett sikkert Maria pris på.
Når det gjeld oss “vaksne”, har Camilla fortsatt med blogginga si. Der finn dykk blant anna eit bilete av den vemmelige, men veldig gode kaka ho lagde til Halloween.
Eg har jobba vidare med Cell-programmeringa, og utan pause gjeng med vidare på ein ny oppgave neste veke. Denne gangen skal med programmera skjermkort. Eg kjenner eg må blogga noko geeky snart, men tida forsvinn. Nå har eg brukt nok tid på dette innlegget. Nå må eg gå og hjelpa mor.
Vote: